Halldis Moren Vesaas

Halldis Moren Vesaas

Halldis Moren Vesaas (1907-1995) voks opp i Trysil og debuterte 22 år gammal med diktsamlinga "Harpe og dolk". Ho og ektemannen, forfattaren Tarjei Vesaas, busette seg i Vinje i Telemark, og dei reiste mykje, i Norden og Europa for øvrig, og knytte verdfulle kontaktar med andre diktarar slik at heimen deira, Midtbø, vart litt av eit nordisk kultursentrum.

Halldis Moren Vesaas kom med tre diktbøker før krigen, men dei mest kjende dikta står i samlingane "Tung tids tale" (1945), "Treet" (1947) og "I ein annan skog" (1955). Ho har òg gitt ut mange andre slags bøker - barnebøker, ein roman, noveller i "Så nært deg" (1987), og dessutan biografiske bøker om Sven Moren og Tarjei Vesaas, artiklar og essays og diktantologien "Vandre med vers" (1990).

If you like author Halldis Moren Vesaas here is the list of authors you may also like

Buy books on Amazon

Total similar authors (24)